Vil du bli frivillig? Vi treng deg!

Røde Kors Leikanger har eit breitt spekter av aktivitetar. Alle aktivitetar er basert på frivilligheit. Å vere frivillig er givande – du blir del av eit sosialt og godt miljø, og du gjer ein viktig innsats for andre.


Røde Kors Hjelpekorps

Hjelpekorpset blir kalla ut av politiet ved leiteaksjonar, ulykker og kriser. Vi har òg egen avtale med AMK for transport der ambulanse ikkje kjem fram (til dømes snøscooter/ATV i fjellet).

Andre aktivitetar er påskeberedskap, sanitetsvakter og øvingar. Du treng ikkje forkunnskap – du får opplæring.

Lurer du på noko? Ta kontakt med oss.

Røde Kors Omsorg

Omsorg skaper møteplassar og tryggleik for dei som ønskjer meir kontakt i kvardagen. I Leikanger har vi mellom anna bingo på sjukeheimen, turfølgje og gode samtalar.

Du treng ikkje fagbakgrunn – det viktigaste er at du har tid og lyst til å stille opp for andre.

Lurer du på noko? Ta kontakt med oss.