Øving på søk og redning
Hjelpekorpset gjennomførte nyleg ei øving i søk og redning, med fokus på førstehjelp, samhandling og transport av pasient.
Leikanger Røde Kors Hjelpekorps gjennomførte denne veka ei øving i søk og redning med fleire ulike scenario.
I det eine scenarioet øvde mannskapa på søk etter to skadde personar. Etter lokalisering vart pasientane vurderte, gitt førstehjelp og gjort klare for vidare transport.
Det andre scenarioet omhandla søk etter ein livlaus person med hjartestans. Her måtte mannskapa raskt starte hjarte- og lungeredning (HLR), og halde fram behandlinga under transport ned til ventande ambulanse.
Øvinga vart koordinert frå kommandoplass (KO), der ein ved hjelp av Starlink og FAKS hadde oversikt over mannskap og køyretøy gjennom heile økta.
Elevar frå ungdomsskulen stilte opp som markørar og bidrog til å gjere scenarioa realistiske og lærerike.
Slike øvingar er ein viktig del av beredskapen, og bidreg til at mannskapa er førebudde når det verkeleg gjeld.
Leikanger Røde Kors Hjelpekorps takkar alle deltakarar for ei god og nyttig øving.